fredag 2. desember 2011

Kvifor bør du bli lærar? Retorikken i skulen


Kvifor bør du bli lærar?

Vi trenger lærarar. Vi trenger deg! Nå har DU moglegheita til å bli lærar. Kan du tenkje deg noko betre yrke? Lærarane har som vi alle veit ekstremt korte arbeidsdagar. I tillegg finnes det ikkje noko anna yrke med dei same gode ferieordningane. Ja, for kva for anna yrke har ein så mykje ferie at ein lengtar tilbake til arbeid igjen?

Skulevesenet kan tilby deg særs snille elever. Faktisk så snille at du kan rekne med å bli overaust med velbretta papirfly, gledestilstander kor elevane rasar rundt i klasserommet for å hylle deg som lærar også har vi foreldra da. Desse kjære elevprodusentane våre som alltid spel på lag med oss lærarar. Ikkje berre spel dei på lag, men dei er også alltid villige til å sjå realiteten rundt ungane deira.

Læraryrket er den stillingen med mest innflytelse på samfunnet. Som lærar får du moglegheita til å forme dei framtidige maktpersonane i samfunnet vårt. Vi må heller ikkje gløyme at du i tillegg har fri tilgang på kaffi. Ja, faktisk så fri tilgang at du kan rette stilar 6 døgn i strekk! Også er det lønningane da. Dei skyhøge lønningane. Ja, dei er faktisk så skyhøge at du som nyutdanna kan spandere i overkant av 200 000 Bugg med colasmak på deg sjølv i året. Det er det ikkje mange andre yrker som kan. Bli lærer, bli det nå!


Retorikk er for mange knytt til det munnlege. For meg vart det da nyttig og få repetert det faktum at retorikken kan vel så gjerne nyttast innan skriftleg arbeid. Spesielt kåserisjangeren nyttar seg av retorikkens verkemiddel.

Eg tenkjer at retorikk er ein særs viktig del av den norske skulen. Ikkje berre skal elevane lære noko om det, men eg tenkjer at læraren bør nytte seg av retoriske grep når han underviser. Ved å gjere dette vil elevane lettare forstå dette med retorikk. I tillegg må vi ikkje gløyme det faktum at ein kan få stort høve for retorikken seinare i livet. Dette må ein gjere elevane sine bevisste på. Retorikk er morosamt å arbeide med, og læraren har fleire moglegheiter for å gjere retorikkundervisninga morosam for elevane. Blant anna kan ein lese kåseri med stor innleving, ein kan lage retoriske skodespel eller ein kan laga talar og appellar. Det er også viktig å gjere elevane obs på at  dei kan nytte seg av retorikk ved ein munnleg eksamen. Ved rett bruk at retorikk, kan ein fort prestere enda betre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar