onsdag 30. november 2011

Eg vandrar i etnolektar, språk og morosame betraktningar av kvardagen! "Vi vandrar saman" som han Olav Stedje syng...


“Ja man! What’s up me breda? Put I up on the ting dat make the noise, breda. Chill man, breda ain’t no blood clot!” (Tilnærma direkte sitat ifrå ein jamaicanar eg vart så heldig å kome i prat med i København)

Språk og etnolekter. For eit fantastisk spennande emne! Personlig er eg litt over middels interessert i språk, som ein gammal tysklærar og nåverande norsklærer jo bør vere, kan eg ikkje anna enn å klappe i henda, synge og le, svinge meg i kretsen og neie og bukke for denne førelesninga. Eg lærte MYKJE nytt som bl.a. at mytteriet på Bounty førte til nye språk! FOR ein ting å kunne fortelje til elevane sine. Eg kan helt ærlig si at eg gleder meg til å jobbe med språk i mitt drømmeyrke. Ja, du gjetta riktig, drømmeyrket mitt er læraryrket!

Noko av det som var nytt for meg, var fenomenet pidgin-språk. Dette hadde eg ikkje hørt om tidligare, men du verden så forklarande, interessant og nyttig det var for meg å lære noko om det! Pidgin-språk er altså ”sølvlagde” språk tilhørande etniske grupper. Med andre ord er språket for reine fruktcocktailen å rekne. Ja, det kan nærmast virke som pidgin-brukerne, spesielt jamaicanarar, som kanskje er meir kreolske enn ”pidginske”, har tenkt slik: ”vi tar ein dæsj engelsk, ein dæsj stammespråk, ein klype med fransk og topper det heile med ei karibisk tone”. Det å forstå dette språket byr sjølvsagt på utfordringar. Ikkje berre er det eit herleg sammensurium av ymse språk, men det nyttast med så stor sjølvfølgje at ein nærmast skulle tru at det var ein sjølvfølgje at heile verda talte det. Då er det godt å vite at det ikkje er å regne som reelt språk, og dermed ikkje er berekna som umiddelbart forståelig for hvermansen.

Som dykk kanskje har forstått, så handlar altså dette innlegget spesielt om jamaicansk. Kvifor i alle dagar har han som norsklærar, og nynorskforkjempar valt å skrive om jamaicansk undrar du deg kanskje no? Eg er i tillegg til å vere lærar, musikar. Og ikkje minst jobbar eg som musikklærar. Ein av mine absolutte favorittsjangrar er reggae. Og trur du ikkje jamaicansk er den språkforma som er mest nytta i reggae! Så fantastisk moro, og ikkje minst interessant! Innleiingssetninga mi er eit typisk døme på jamaicansk språk. Det vil seie, talespråk, ikkje skriftspråk. Skriftspråket er, som i alle andre land, langt meir prega av faste rammer og regler. Likevel er det altså talespråk eg bit meg merke i! eg meiner, det er jo tross alt talespråket eg høyrar når eg lyttar til storheitar som Bob Marley, Jah Mason, Bunny Livingston og ikkje minst sonen til Bob Marley, Damian Marley.  For meg er det artig å inneha forståing om språket deira. Det gir meg ein djupare forståing av kulturen deira. I tillegg har jamaicansk innslag av irsk språk! Nemnte eg at eg er stor tilhengar av Irland og det irske språket? Tenk deg noko så fantastisk! Her har me altså to land på kvar si side av det gedigne Atlanterhavet, og trur du ikkje dei har likskapstrekk med kvarandre (http://en.wikipedia.org/wiki/Jamaican_Patois#Vocabulary)!? Språk er fantastisk, er dykk ikkje einig?

Vi må heller ikkje gløyme at vi har etnolekter i Noreg også. Fenomenet ”kebab-norsk” har oppstått som eit omgrep om ein type tale som nyttas av innvandrarungdom, spesielt i Oslo-området (http://no.wikipedia.org/wiki/Kebabnorsk).  Setningar som ”Walla brur, skjekk den schpaa kæba der a! Hu er schmø ass” (sitat frå ein eg gjekk i klasse med i 2005). Ein kan sjå fleir likskapstrekk mellom kebab-norsk og til dømes jamaicansk. Hovudtrekka er at dei begge nyttar seg av moglegheita til å låne ord av majoritetsspråka for å danne sitt eige språk, då helst i kombinasjon med eit språk tilhøyrande den etniske tilhøyra deira.

Som lærar synast eg det er særs spennande og morosamt med språk, og ikkje minst vårt eige språk. Det gjer oss så mange moglegheiter at ein blir varm om hjartet og mjuk til beinet. Eg har ikkje meir å si, anna enn; FOR eit fantastisk yrke vi har!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar