søndag 20. november 2011

Bjørn Sortland - felles gruppeinlegg (forfattet i fellesskap av arbeidsgruppa)

Poster nå et nytt blogginnlegg. Denne gang på moderne skriftspråk, ikke dansk-norsk riksmaal. Dette innlegget handler om Bjørn Sortlands forfatterskap, og er forfattet i fellesskap i arbeidsgruppa. Derfor finnes denne teksten også hos de andre medlemmene på min arbeidsgruppe.

Bjørn Sortland: 10 ting eg trur eg har tenkt på når det gjeld å skriva for ungar og unge


Arbeidsgruppa har lest og kommentert hva Bjørn Sortland tenker rundt det å skrive for unge. Våre kommentarer er markert i kursiv.


Eg har hittil skrive mest for ungar og ungdom. Eg får ofte spørsmål om dette, sjølv om eg eigentleg ikkje ser så mange forskjellar på å skriva for vaksne og unge. Eg høyrer likevel etter når sterke forfattarar som Jon Fosse problematiserer det å skriva barnelitteratur, særleg fordi han skriv gode barnebøker sjølv. No finn eg ikkje plass til å gå inn på det han eller andre seier om kunstens autonomi osv., men eg vil ha nemnt at det nok er forskjellar, og at eg på ein eller anna måte underbevisst sikkert tar stilling til desse. Eg skriv likevel dei bøkene eg skriv fordi eg har lyst til å skriva akkurat dei. Har eg skrivelyst, så er det det beste teiknet på at eg skriv slik eg skal. Og eg kjenner meg ikkje hemma som forfattar av å skriva for ungar. Gode barne- og ungdomsbokforfattarar som til dømes Astrid Lindgren, Erlend Loe, Rune Belsvik, Annika Thor, Fam Ekman, Mark Twain, Stein Erik Lunde, Roald Dahl, Gunnar Ardelius eller C.S. Lewis inspirerer meg. Lista er lang. Men eg får sjølvsagt like mykje skriveglød av å lesa Ian McEwan, Bibelen, Cormac McCarthy, Jon Fosse, Amos Oz, Marguerite Duras, Graham Greene, J.M. Coetzee. Og kor skal eigentleg Antoine de Saint-Exupéry plasserast? Kort og godt: Det er den sterke litteraturen som gjeld.
Her er ting som eg sjølv av og til har tenkt på når det gjeld skrivinga mi, sjølv om dei ikkje er reglar eller noko, dei ligg der berre ein stad på harddisken. Dei kjem litt hulter til bulter, og eg kunne heilt sikkert ha sagt det annleis. I morgon er eg sikkert ueinig med meg sjølv. Desse listene skriv eg sannsynlegvis berre for å gi ein illusjon av struktur. Men altså:
1. Eg har trong for å skriva ganske forskjellige bøker, og har også forskjellige slags lesarar. Eg har òg trong til å slå fast noko sjølvsagt: Ungar er like forskjellige som vaksne, det finst ikkje ein type litteratur som absolutt alle ungar liker, det er ikkje bestemte «tøyseord», «glade fargar» eller «skumle lydar» som slår an hos alle. Ungar er ikkje forskjellige «målgrupper», men sjølvstendige individ. Men det må seiast: Som vaksne følgjer dei òg ofte den jamne straumen.
Sortland har et godt poeng her. Alle lesere er forskjellige. Barn som vokser. Derfor når han så mange med sin litteratur. Vi tror hans bevissthet på dette gjør han så selgende.

2. Ungar har alltid krav på at forfattaren har tatt skikkeleg stilling til språket. Klisjear, slappe setningar og alt anna som er språkleg upåliteleg, er ein styggedom – om det så berre er ei innleiing i ei peikebok (det vert rett nok sjeldan skrive slike innleiingar). Noko anna er respektlaust overfor lesaren. Mesteparten av tida mi går med til å om igjen og om igjen jobba meg gjennom teksten. Og om igjen ein gong til. Sjølvsagt synest eg aldri at det blir godt nok, men på eitt eller anna tidspunkt må ein berre seia at boka er ferdig og få ho ut. Seier nokon at eg slurvar med språket, må eg gå i skammekroken og tenkja meg om ei god stund.
 Den språklige bevisstheten hans gjør at boka appellerer til både unge voksne og yngre mennesker som barn og ungdom. Han undervurderer ikke leserne sine, noe som gjør bøkene “mer seriøse”. Vi synes dette gjør litteraturen hans god.
3. Det finst som oftast nokre ungar/unge i bøkene mine som unge lesarar reint aldersmessig kan identifisera seg med. Det er ein slags regel, trur eg.
 Sortland er målrettet mot de leserne han regner med leser de gitte bøkene. Det er fint. Da blir leseren tatt på alvor og identifiserer seg i større grad med boka.
4. Sjølv om det ikkje betyr at eg alltid prøver å halda lesarane på pinebenken, så er eg opptatt av at bøkene mine skal vera spennande. Det er ikkje heilt lett for meg å forklara nøyaktig kva spennande er, men eg kjenner det i kroppen når det er der, det skal alltid vera eit draiv i teksten som gjer at lesaren berre må lesa litt til. Det gjeld jo alle bøker. (Eg liker ikkje ein gong ordet spennande, berre så det er sagt.)
 Nerven i bøker er viktig for å holde på leseren. Det trenger ikke være ren spenning, men en viss nerve og sammenheng i boka er viktig for lesegleden og motivasjon for videre lesing.

5. Typiske serie-/sjangerbøker skal ikkje undervurderast, i dag er det mange nyansar. 
For veldig mange forfattarar vart typiske sjangerbøker inngangsbilletten til litteraturen. Eg las sjølv mange bøker med herlege, glossy framsider og titlar som tok meg med til Zanzibar. Eg har skrive opptil fleire slike bøker sjølv, fordi eg synest det er gøy. Eg prøver å gjera det så godt eg berre kan.
 Sortlands argumenter rundt sjangerbøker kan vi stille oss bak. De skal ikke undervurderes. Allikevel synes vi dette med forfatternes inngangsbillett er noe rart. Vi lurer på hvor Sortland vil med dette.

6. Trass i at eg tviler stadig meir på om boka har ein absolutt immunitet, trur eg framleis sterkt på boka som medium, også reint fysisk, tredimensjonalt. Boka må ha rett tyngde, rett papir, eit godt omslag, god design, gode illustrasjonar, leseleg skrift osv. Ho skal vera stolt av utsjånaden sin. Særlig ser eg ulike former for bildebøker som eit knallbra medium. Kanskje er det fordi eg er ein mislukka illustratør, at eg ønskjer bilde i halvparten av bøkene mine. Noko av det mest lystvekkjande eg veit, er å jobba med illustratørar. Dei er gode lesarar, og les ofte ein tekst med ei friskheit som berre barn har. Det er utruleg inspirerande når dei har lese bøkene mine på nytt gjennom illustrasjonane sine. Teksten min blir noko meir, noko som er større.
Vi er enig med Sortland i hans argumenter rundt bøkenes utforming. Vi stusser derimot over hans valg av omslag på “Alle har eit sultent hjerte”. Boka blir særs anonym. Vi tror ikke omslaget tiltaler lesergruppen i nevneverdig grad. Derimot skal tittelen roses.

7. Eg har skrive fleire bøker om kunst. Ungane kan gjennom litteratur få nøklar til vaksenverdas kunst, litteratur, musikk osv. Men ein skal ikkje tvinga dette skjøre på dei gjennom ein krampe-pedagogikk som svekkjer lysta. Eller gjera ting banalt og infantilt. Kven vart eigentleg levande interessert i lyrikk gjennom lyrikk-analysane på vidaregåande? Obligatoriske turar på Munch-museet og andre museum er eit must. Å ha pensum og prøver i kunst-historie er absolutt. Kunst og estetikk er òg fag. Så tvingast må dei, ungane.
 Kunsten er flott, det synes også vi. Derimot er vi sterkt uenig i at kunst skal påtvinges elevene. Tvang fører særdeles lite godt med seg. Merkelig motsier Sortland seg selv i dette punktet.

8. Det beste rådet eg har fått når det gjeld å skriva for ungar, er at ein skal vera lojal mot knehøgda. Eg hugsar ikkje kven som sa det til meg, men eg høyrte det like etter at eg debuterte. Ein kan skriva om fødsel og død, forelsking eller kjærleik som går i sund. Men likevel ikkje i eit språk som er kryptisk for dei. Det er forskjell på å vera kryptisk, og å visa dei ei hemmelegheit. Det er ikkje viktig at ungar forstår alt, det er fint å berre kunna sansa noko. Overtydelegheit slår i hel. Det er dølle greier. Det er noko av utfordringa med å skriva for ungar. All sterk kunst og litteratur har i seg ei hemmelegheit.
 Flott at han skriver tydelig, men ikke overtydelig. Da kan også vanskelig tem diskuteres. Unger trenger ikke å bli overbeskyttet.

9. Eg skriv om ting som eg sjølv har lyst til å lesa om, og som interesserer meg. Alt anna er bløff. Og det er ikkje lov å lyga om slikt berre fordi ein er lat. Ungar liker ofte det same som vaksne. Dei liker ikkje uinspirerte, idylliserande barnebøker med høg kakao-faktor og parodisk koselege bestefedrar frå ein barndom som eigentleg aldri har eksistert. Heller ikkje det motsette: Bestilte spisevegringsbøker og konstruert problemfokusering er sjeldan gripande. Som forfattar må eg ha kontakt med mitt eige stoff, som det heiter. Det er det einaste, det viktigaste. Då kan ein skriva om godt om både bestefedrar og spisevegring.
 Det er lurt å skrive om det man interesserer seg for og har kjennskap til. Da blir litteraturen mer genuin. Ekthetsfølelse er viktig for at litteraturen skal treffe.

10. Ungar er opne for Guds eksistens.

Sortlands påstand om gud er noe uklart for oss. Vi forstår ikke helt hva han mener. Er han særs glad i åpne slutter? Barn er kanskje åpne for guds eksistens, men vi klarer ikke helt å se verdien av dette i litteratur. Det er meget mulig at Sortland er religiøs. Teologen er også en del av litteraturen hans. Teologen har tydeligvis svaret på problemet. Sortland har også bibelen som yndlingsbok. Vi tror ikke gud nødvendigvis behøver å være en del av litteraturen for barn. Derimot er det greit å inkludere religiøse mennesker i litteraturen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar